sverre

Retreatven i 40 år

Få har vitja så mange kloster og retreatstader som Sverre Aalvik. Smaken fekk han først for 42 år sidan på Lia Gård. I mange år har han vore aktiv der og på Prestegården Sørlandet.

– Eg har stor tru på trekkje seg tilbake og vere stille. Vi menneske treng av og til å leggje av stresset og lytte innover til Gud og oss sjølv. Stilla gjer at vi får betre tak på kven vi er og kva vi strevar med, seier Sverre Aalvik.

Han har vore lærar i all si tid, særleg i folkehøgskulen. Dessutan har han hjelpt born og unge som har streva med livet.

– Eg ser på menneske som Guds skapning. Som lærar har eg vore oppteken av å byggje menneske. Tek vi tak i livet her og nå, er det mykje vi kan få til. Eit kristent, humanistisk menneskesyn har hjelpt meg å sjå stort på kvar og ein, fortel Sverre Aalvik.

Frå Hardanger

Dialekta røper at den 79 år gamle karen kjem frå Øystese i Hardanger. Han tok lærarskulen i Bergen, og var først lærar nokre år saman med kona på Sørarnøy i Salten, ikkje langt frå Bodø. Så tok dei eit år fri og vitja kristne sentra rundt om i Europa. Dei var på Iona, i Cambridge, Amsterdam, Darmstadt og nokre stader i Aust-Europa, før dei slo seg ned i ein kibbutz i Israel.

Så vart Sverre lærar ved Øytun Folkehøgskule, Alta i 11 år. På Høgskulen i Alta tok han eit årskurs i idrett og studerte nordnorsk historie. Han tok grunnfag i kristendom i Trondheim og mellomfag i religionspsykologi ved UiO, før han vart lærar ved Ringerike folkehøgskule. Neste steg var diakoniutdanning på Lovisenberg i Oslo.

Sidan 1992 har familien budd i Grimstad. Sverre har arbeidd mange år som lærar i barne- og ungdomspsykiatrien i Arendal. Det høyrer og med at han har gjennom mange år har hatt kontakt med Lia Gård, der han budde eit halvt år. Og i etterkant hjelpe til med praktisk arbeid – ei tid også med tilrettelegging av ulike temaretreatar. I dei seinare åra har han også hatt nær kontakt med Prestegården, Vigmostad – den nye retreatstaden på Sørlandet.

Kjærleik og ljos

– Kva har Gud hatt å seie i ditt liv?

– Gud er skaparen. Eg har vore mykje oppteken av Johannes sitt første brev, der han skriv om kjærleiken og ljoset utan mørke. Gud skaper stadig noko nytt i oss menneske. Alt liv er Gud sin pust, seier Sverre Aalvik.

Han har ofte vore på ulike pilegrimsreiser og vitja mange kloster. Han høyrer til Den norske kyrkja. To eller tre gonger i året reiser han på retreat.

– Kvifor er stilla så viktig for deg?

– Vi er alle skapt med eit rom inne i oss, der Gud er å finna. Sidan vi er skapt i Guds bilete, kan alle møte Kristus i seg sjølve , - ha ei open dør for han. I hovudet har eg eit bilete av eit glas med grumsete vatn. Når det står stille, sig grumset ned. Vatnet vert klarare. Stilla gjer og noko med oss menneske, seier Sverre Aalvik.

Han meiner alle er skapt med ein unik personlegdom. Vi skal få vere oss sjølve. I stilla er det gjerne lettare å finne seg sjølv; vår identitet slik Gud har skapt oss, og som er vår fred.

Billedtekst: Som lærar har eg vore oppteken av å byggje menneske, seier Sverre Aalvik.