hans-johan

Fleire les Bibelen høgt

Før i tida var det meir vanleg å lese Bibelen høgt. I dag er preikene og salmesongen tillagt større vekt. I nokre land er dei flinke til å lese Bibelen høgt. Norske kristne har noko å lære.

Gjennom mange ti-år er kristne kalla bok-folket. Dei brukte Bibelen når dei kom saman og var kjent i og glad i Bibelen, sa sokneprest Hans Johan Sagrusten i Lom då han innleia om «Rik bibelbruk» på inspirasjonssamlinga på Lia Gard i Rendalen sist helg.

Alt i 2. Mosebok kapittel 24 får vi høyre at Moses samla folket og las frå paktsboka. Josva las som ein naturleg del av opplæringa til tru. I 2. Krønikerbok kapittel 34 får vi høyre at dei finn ein bok dei hadde gløymt, Paktsboka, då dei restaurerte tempelet.

Å lese høgt skaper fellesskap. Jesus leste også høgt frå Skriftene. Kvifor gjer ikkje vi i Noreg det oftare? spurte Hans Johan Sagrusten.

Lære av ande land

En ung jente i Kina var hemma av polio som barn. Ho høyrde folk lese i Bibelen. Då ha lærte å gå, opplevde ho det som eit bønesvar. For mange år sidan tok tre menneske til å lese Bibelen høgst mest kvar dag. Etter nokre tiår hadde dei reist fire kyrkjer og samla 280 menneske i kvar.

Nokre har lært å lese i bibelgrupper. Einskilde har blitt friske. Dei kjenner lys i livet og opplev harmoni når dei les.

Vi i Noreg les oftare tilfeldige bibelord. Vi burde lese bibeltekstane meir i samanheng. Og undersøker vi, finn vi at og i Noreg er det fleire som høyrer Bibelen verta lest høg enn dei som leser han sjølv, sa Sagrusten og meinte det var nok å lese bibeltekstar høgt i tre kvarter når ein kom saman.

I Egypt vert alle kristne oppmoda til å lese Bibelen høgt kvar dag. Skal noko ha ei teneste i kyrkja, vert det venta at ein les heile Bibelen kvart år.

Ein metode

Biskop Pavly samla for 15 år sidan fem unge kopterar i Sharm el-Sheikh til høgtlesing frå Bibelen. Han underviste om tekstane han las og heldt frem med dette kvar veke. Nå samtalar han 3000 unge til bibelundervisning kvar tysdag. Skal vi prøve noko liknande i Noreg? spurte Sagrusten.

Han fortalde at Pavly ofte nytta metoden «Auget – lyset – handa» i sitt arbeid med bibeltekstane. Med auget gjer vi observasjonar og prøver å oppdage mest mogeleg av det som står i teksten. Med lyset prøver vi å finne budskapet i teksten. Med handa spør vi oss kva teksten inspirerer oss til å gjere. Ved å arbeide med dette, kan vi få meir ut av ein bibeltekst.

HØGTLESING: Hans Johan Sagrusten oppmoda tilhøyrarane til å lese meir i Bibelen.