Holmely

Holmely

Ein jordnær plass med open himmel

Adresse: Holmely, 6711 Bryggja   Telefon: 57 85 34 25   Epost: [email protected]   Nettside: holmely.no   Kart: Google Maps  


Tilbud


Holmely tilbyr:

Retreat
Trekkje seg tilbake, bruke tid i stillhet 
for å bli betre kjent med seg sjølv og Gud. 
Få hjelp til å vandre med kvilepuls.
Tid til å vere stille og be. 
Faste samlingar i kapellet. Bibelmeditasjon.
Stille måltid med musikk. 
Tilbod om sjelesorg/åndeleg vegleiing.

Bøn
Bønelunsj fredagar 11.30 – 12.30 (med unnatak av skuleferiar); vi et ilag, drikk kaffi og ber for staden, regionen og kvarandre (ta med matpakke).
Bøn- og lovsongssamlingar og helger; fellesskap, åndeleg påfyll, Bibellesing, tilbeding, bøn for landet, fjorden og kvarandre.

Inspirasjonshelger
Inspirasjon og fornying for kristenlivet og kvardagen. 
Gode tema-haldarar med livsnære tema. 
Det er godt mogleg å ha selskap med dei andre gjestene, like gjerne som ein kan trekkje seg tilbake i stillhet når det kjennest best.
Ein kan fritt bruke loftsstove, kapellet og bokhyllene. 
PS: Holmely er ikkje ein behandlings-stad, men kan ved mange høve vere eit supplement til anna hjelp.

Omsorg 
Medvandring - høve til sjelesorg/ samtale/ forbøn.
Tid for avkopling og tilkopling. 
Individuelle opphald. Ta kontakt!


Enkeltgjestar, grupper og lag / Ferie:
Rikeleg høve til å bruke naturen frå fjord til fjell.
Kort veg til Stadt/Vestkapp, Selje og Vågsøy med mange naturperler og historiske stader.
Holmely kan òg leigast av grupper og lag som ynskjer å ha eigne arrangement. Vi har sengeplassar til ca. 20 personar. 
Holmely er medlem i Norske Misjonshoteller. 
 

Føg Holmely på Facebook; www.facebook.com/holmely og på Instagram: www.instagram.com/holmely
Her får ein oppdateringar om arrangement, andre nyhende, vakre foto m.m.

Stedet

Holmely ligg som ei perle i sjøkanten, like ved riksveg 15 på Bryggja i Nordfjord, med vakker utsikt mot fjell og fjord og skogkledde holmar. 11 rom (enkle og doble) med god standard.

Kommunikasjon

Gode bussamband frå/til Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim.
Ekspressbåt Bergen – Måløy 2 g. daglig.Deretter buss i ca 30 min til Holmely/Totland (Bryggja)
Fly frå Oslo/Bergen til Sandane,buss til Holmely/Totland (Bryggja).

Sjå Holmely på kartet. 

Eier

Normisjon region Sogn og Fjordane

Kalender



Lørdag 8. desember

Holmely:
Stille dag i advent

8. des. 10:00 til 16:00

                                                                                                                                       

Bruk en dag til å feste blikket på Jesu komme, til å gå adventstida i møte.       
Dagen vil inneholde bibelmeditasjon og bønn med tid for egen refleksjon, samling med nattverd i kapellet og et stille måltid med musikk.           

     

 

Onsdag 3. juli

Holmely:
Keltisk retreat

3. jul. 19:00 til 7. jul. 14:00

Keltisk retreat på Holmely med pilegrimsvandring

på Selja og deltaking på Seljumannamesse.

Med Øystein Frivold og Brit Lundby Hilde.